Arbeidspakker i Surround

Surround er organisert i fem arbeidspakkar, som inneheld kvar sine fagtema. Desse kan du lese meir om her.

Trondheim aust.jpg

Kva betyr berekraftig tettstadutvikling?

I den første arbeidspakken går vi inn i den faglege debatten om kva berekraftig tettstadutvikling og urbanisering kan innebere.

Både i Norge og i resten av verda går utviklinga i retning av at stadig fleire bur i byar og byliknande strøk. Dette verkar inn på naturmiljø, kulturverdiar og sosiale forhold. Vi går gjennom faglitteraturen om samanhengar mellom urbanisering og berekraftig utvikling, og utarbeider eit rammeverk for studiar av drivarane bak desse prosessane. Vestlandsforsking har ansvaret for denne arbeidspakken.

 
Karljohansvern.jpg

Grønstruktur og kulturmiljø

I den andre arbeidspakken dokumenterer vi endra arealbruk gjennom 30 år i dei områda vi studerer. Vi ser på forholdet mellom utbygde område, grønstruktur (hagar, parkar) og skogsområde. Forvaltninga av kulturmiljø blir også studert.

I prosjeketet studerer vi dei fire casekommunane Horten, Sogndal, Malvik og Trondheim. Dette er dei same kommunane som det vart forska på i prosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT) i 1988-1992. Arbeidspakke 2 undersøker korleis utviklinga har påverka grønstruktur og kulturmiljø dei siste 30 åra. Ved hjelp av plandokument, flyfoto, historiske bilete og feltarbeid kan landskapsøkologane få eit nyansert bilete av dei endringane som har funne stad i kvart av caseområda. Analysane omfattar ikkje heile kommunen, men illustrerande, handplukka areal i kvar kommune. Det blir gjort meir detaljerte undersøkingar i Sogndal og Horten enn i Malvik og Trondheim.

Sjå eksempel på gjenfotografering av historiske foto her.

Høgskulen på Vestlandet har ansvaret for arbeidspakke 2.

 
Trondheim bystyre - foto Carl-Erik Eriksson.jpg

Kommunale styringsprosessar

Den tredje arbeidspakken tek for seg styringsprosessar i kommunane Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

Kor berekraftig har den lokale styringa av planlegging vore i dei fire casekommunane, og kva drivkrefter har gjort seg gjeldande? Desse spørsmåla står sentralt i arbeidspakke 3, som består av fire studiar: ein innleiande teoristudie, ein analyse av aktørane som saman har bidrege til å forme politikken i kommunane, ein analyse av korleis arealpolitikken blei sett i verk i kvar av kommunane og til slutt ein analyse av utfallet av arealpolitikken. Både intervju og plandokument er viktige kjelder for doktorgradsstipendiaten ved Vestlandsforsking, som utfører mykje av forskinga i denne arbeidspakken.

 
IMG_20180828_104601.jpg

Forklare endring

Kva kan forklare dei påviste endringane i arealbruk dei siste 30 åra? Den fjerde arbeidspakken handlar om å finne gode svar på funna i prosjektet og involverer alle forskarane på tvers av fag.

Kjernen i denne arbeidspakken er å drøfte faglege forklaringar på endringane i arealbruk i casekommunane. Den tverrfaglege analysedugnaden brukar altså funn frå arbeidspakke 2 og 3 til å utvikle ny, tverrfagleg innsikt. Kunnskapen som kjem ut av dette arbeidet blir viktig for å forstå utviklinga i arealbruk som har funne stad i små og mellomstore tettstader her til lands.

NMBU har ansvaret for denne arbeidspakken.

 
Høgskulebygget_elva.jpg

Undervisning og formidling

Resultata frå forskingsprosjektet kjem framtidige studentar til gode. Den femte arbeidspakken handlar om å ta i bruk den nye kunnskapen i fleire bachelor- og masterprogram, men òg overfor norske kommunar.

I tråd med målet om at studentar skal delta i forskingsprosessar og få utbyte av ny forsking, har Surround-prosjektet sikra at resultata skal flettast inn i eksisterande studium ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ei bachelorutdanning og tre ulike masterprogram innan fagområda landskapsplanlegging, landskapsarkitektur og klimafag skal innlemme forskingsfunna i læreplanane sine.

Den femte arbeidspakken går òg ut på å formidle viktige funn til dei fire kommunane vi studerer i prosjektet i form av seminar i kvar av kommunane. I tillegg kjem populærvitskapleg formidling. Hovudansvaret for denne arbeidspakken ligg hjå HVL.