Sesjon på geografikonferanse
Surround arrangerer ein eigen sesjon om endra arealbruk i byar og bynære strøk under Nordic Geographers’ Meeting (NGM 2019) i juni.
Årets utgåve av den nordiske geografikonferansen går føre seg i Trondheim frå 16. til 19. juni, og arrangørane ved NTNU legg særleg vekt på omgrepet berekraft. Surround arrangerer ein av parallellsesjonane under NGM 2019, og det er Marte Lange Vik (Høgskulen på Vestlandet) og prosjektleiar Kyrre Groven (Vestlandsforsking) som organiserer sesjonen. Dei har begge disputert ved Institutt for geografi ved NTNU.
Tre tiår med endring
Sesjonen Surround-prosjektet har ansvar for, heiter “Spatial change in urban areas and their surroundings” og handlar om korleis urbane område har endra seg etter tre tiår med fortetting. I omtalen av sesjonen legg Vik og Groven vekt på at eit stort fleirtal av innbyggjarane i Norden no bur i byar og tettstader. Sjølv om byane og tettstadane våre i verdssamanheng er små og mellomstore, inneber dei urbane busetnadene miljømessige og sosiale ulemper for omgjevnadene. Ein lang periode med slepphendt byutviding gjorde at unødig store område vart bygde ned. På 1980-talet kom ein motreaksjon, i form av ideen om å fortette innafor eksisterande busetnad. Kor godt fortettingsideen slo gjennom varierer frå stad til stad, ettersom han fekk konkurranse frå ein samtidig, nyliberal trend som favoriserte eigedomsutviklarane sine interesser.
Økosystemtenester og kulturarv
Fortettinga har ikkje greidd å løyse alle arealkonfliktane verken i byane eller utkantane, og på sesjonen under NGM 2019 vil Vik og Groven setje søkelys på tap av estetikk og landskapskvalitetar, nedbygd jordbruksland og redusert grøntareal, altså følgjer av utbygging som trugar økosystemtenester og kulturarv.
I tråd med konferansen sitt overordna tema, legg Surround-sesjonen opp til kritisk refleksjon rundt berekraft i arealbruk og planpraksis. Den pressa utkanten, altså områda der byen og tettstaden tek unna for vekst i folketalet, står sentralt.