Presentasjonar frå forskingssesjon om berekraftig byplanlegging
19. juni arrangerte Surround ein parallellsesjon under Nordic Geographers’ Meeting 2019 på NTNU i Trondheim. Sesjonen hadde tittelen “Spatial change in urban areas and their surroundings”, og samla eit tjuetals deltakarar i tillegg til dei som hadde meldt seg på med presentasjonar. Det vart lagt fram seks paper, som i stor grad viste førebelse resultat frå Surround-prosjektet.
Line Johansen ved NIBIO presenterte eit anna MILJØFORSK-prosjekt, BE(E) DIVERSE, som handlar om planlegging for å ta vare på biologisk mangfald i bymiljøet, og såleis overlappar med Surround.
Her finn du ei oversikt over innlegga på NGM-sesjonen med lenkjer til lysarkpresentasjonane:
W44: Spatial change in urban areas and their surroundings
Marte Lange Vik & Kyrre Groven: Session introduction
Inger Auestad & Liv Norunn Hamre: Green infrastructure revisited – How has urban development affected land cover and ecosystem services connected to green infrastructure in four Norwegian urban areas over 30 years?
Line Johansen: The flowers and the bees - Solutions and tools for integrated sustainable planning to safeguard biodiversity in urban landscapes
Karen Richardsen Moberg: What is sustainability about in the context of urban spatial change?
Kyrre Groven & Carlo Aall: Limits to urban growth? Towards a more quality oriented approach to urbanization
Petter Næss: Urban sustainability: is densification sufficient?